Velkomen til Burst!
-
Hei og velkomen til Burst.
For å kome i gang med å mine denne fantastiske kryptovalutaen, kan du sjekke ut FAQ-seksjonen her http://forums.burst-team.us:4567/category/12/faq. Der får du ei forklaring på kva Burst er, korleis den fungerer, og korleis du skal gå fram for å 'plotte' og 'mine'. Du finn tonnevis med informasjon i dei andre forumkategoriane òg. Når du skal velge wallet, miner og plotter, råder eg dykk til å bruke programvaren til @daWallet, som heiter 'AIO Wallet'. Denne er desidert enklast å kome i gong med, og du finn den her: http://forums.burst-team.us:4567/topic/16/burst-client-for-windows-v0-3-3-all-in-one-wallet-plotting-mining (sjå første innlegget for lenker til nedlasting).
I utgangspunktet er det berre ledig plass på harddisken du treng for å starte, og dess meir ledig plass du har, dess meir 'miningkraft' får du. Først må du lage 'plotfiler' på harddisken din (berre éin gong), og deretter kan du mine ved å lese av plotfilene i gjennomsnitt kvart 4. minutt ved hjelp av dedikert programvare. Miningprosessen brukar nesten ikkje system/hardwareressursar, noko som tyder at du kan mine Burst samtidig som du miner andre coins med CPU/GPU. Du kan òg sjekke ut tråden om Burst på forumet bitcointalk: https://bitcointalk.org/index.php?topic=1323657.0.
Det er fleire måtar å kome i gang med Burst på. Du kan
- mine coins sjølv.
- kjøpe Burst for Bitcoin, ved å kjøpe på børsane Poloniex https://poloniex.com/exchange#btc_burst, C-cex https://c-cex.com/?p=burst-btc og Bittrex https://bittrex.com/Market/Index?MarketName=BTC-BURST (kjøp først bitcoins for norske kroner her https://bitcoinsnorway.com eller her http://bitmynt.no/).
- bruke ein 'faucet' for å få gratis burstcoins her http://faucet.burstcoin.pt/ (det finst andre faucets òg). Les gjerne denne tråden for fleire tips om faucets: http://forums.burst-team.us:4567/topic/637/use-btc-faucets-to-purchase-burst-coins.
Når du har skaffa deg burstcoins er det fleire måtar du kan få formua di til å vekse på. Du kan til dømes
- kjøpe/selge på ein børs
- investere coinsa dine i såkalla 'assets', som ein kan samanlikne med å kjøpe aksjer i eit foretak som vanlegvis gir månadleg avkasting til 'aksjehaldarane' sine. I tillegg kan du kjøpe og selge assetsane på den integrerte marknadsplassent til Burst, som du finn i wallet programvaren. Les meir om Asset Exchange her: http://forums.burst-team.us:4567/category/6/asset-exchange.
- halde på dei, i påvente av at Burst skal stige i verdi. Per dags dato er Burst verdt berre 48 satoshi på Poloniex, noko som er ekstremt lite med tanke på alt som skjer i kulissane med denne valutaen/teknologien. Det er med andre ord eit bra investeringspotensiale her, men hugs å aldri investere meir enn du har råda til å tape.
Nettside: https://www.burst-team.us/
Wikipedia: https://en.wikipedia.org/wiki/BurstcoinSei gjerne hei i den norske seksjonen, og spør meg gjerne om tips eller triks, då eg har helde på med dette ei stund og kan hjelpe med oppstarten. Happy bursting! :)
-
@Propagandalf Tack ska du ha Alf,,och hälsningsar från Stockholm!!!
-
Hey,
Da var jeg registrert her på forumet også 0/
/TheBern
-
Hei, Birdie! Kjekt å sjå deg her. Håper på å sjå fleire nordmenn etter kvart. :)
